LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Avsluttar med konsert på Ljøen

Musikar Egil Olsen, Ørsta held konsert frå utesene på Ljøen søndag 5. juli.
Musikar Egil Olsen, Ørsta held konsert frå utesene på Ljøen søndag 5. juli.

Hellesyltdagane (tidlegare Sommardagar på Hellesylt) avsluttar mange musikalske godbitar med konsert på Ljøen søndag 5. juli.

Tidlegare har vi meldt om Lars Bremnes og konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld, og frå utescena gruppa Sudan Dudan med folkevisetonar på sin varlege og melodiøse måte, og IDOL-deltakar Jørn Trollebø Kvalheim.

No melder komiteen på facebook-sida at fleire musikalske storheiter er innbooka. Det siste er Øivind Elgenes, kjent frå gruppa «Dance with a Stranger» og ikkje minst frå TV 2 og «Hver gang vi møtes». Han opptrer på utescena laurdag 4. juli.

Ørsta sin Egil Olsen (ikkje fotballtrenaren) er klar med konsert søndag 5. juli. Og staden, ja det blir på vakre Ljøen med fjell og Korsfjorden som bakteppe. På Bonsaksen Gard blir det laga utescene til avslutningsfesten for årets Hellesyltdagar.

Med dette og alt det andre av gode, faste innslag som Hellesyltdagane fyrste helga i juli har å by på blir det garantert eit nytt, minnerikt høgdepunkt for alle som tek turen innom bygda denne helga.

Øyvind Elg Elgenes spelar på utescena i sentrum laurdag 4. juli.
Øyvind Elg Elgenes spelar på utescena i sentrum laurdag 4. juli.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380