Lokalnytt

Devold med utsal på Hellesylt.

May-Helen Hole i raud Devoldjakke viser fram litt av det som ein kan finne i butikken, mellom anna ein varm og god genser.
May-Helen Hole i raud Devoldjakke viser fram av det som ein kan finne i butikken, mellom anna ein varm og god genser.

I ein del av dei gamle meierilokala på Hellesylt har Devold fabrikker opna sitt årlege sommarutsal av festplagg av ull.

Bak handledisken i lokala der spannmjølka kom inn då Sunnylven Meieri var i drift, står May-Helen Hole. Ho har fått sommarjobben ved Devold sitt utsal like ved ferjekaia der ho rettleiar og hjelper turistar til ein god handel av varme og flotte plagg av ull.

Og med temperaturar rundt ti pluss kan vel May-Helen fortvente godt sal? Jau, det var berre andre dag etter opning, men det har blitt ein del handel alt, kunne den blide butikkdama fortelje. Turisttrafikken er ikkje komen i gong for fullt enno, så ho reknar med at det blir fleire etter kvart ut over i juni og juli. Snart får ho hjelp i butikken av Gina Lersveen, og i juli etter Hellesyltdagane blir dei tre som deler på jobben. Utsalet held ope kvar dag frå kl. 10.00 til 18.30 til slutten av august.

I det rikhaldige utvalet av ull og bomull finn vi mange modellar og fargevariantar av genserar og jakker både for born, damer og herrar. Også undertøy og raggsokkar i alle storleikar og fleire fargar er å finne i hyllene.

May-Helen Hole trur ho har fått seg ein interessant og lærerik sommarjobb. I år er ho på sommarbutikken til Devold på Hellesylt for fjerde år på rad. Ho snakkar flytande engelsk, men skal nok også forstå kundane om dei snakkar tysk, trur ho. Verre blir det vel om det kjem nokre japanske turistar som startar samtalen på morsmålet sitt. Då må vi vel ty til fingerspråk og andre måtar å forklare ting på om det skal bli handel, fleipar May-Helen Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380