Eit døger på Åseneset

Vaksne leiararunder campen var Vegard Lindland fremst, Gro Anita Bårdseth og Ørjan Køhl bak på bildet.
Vaksne leiarar under campen var Vegard Lindland fremst, Gro Anita Bårdseth og Ørjan Køhl bak på bildet.

I samband med Storfjorden Venner sitt sommarstemne vart det arrangert friluftscamp på Åseneset frå laurdag til søndag.

Det var 13 unge deltakarar i alder 11 til 15 år som hadde meldt seg på til Storfjordens Venner sin friluftscamp på Åseneset frå laurdag til søndag. Arrangementet var i samarbeid med Stranda Friluftsråd.

I fjor vart det prøvd eit liknande opplegg på Yste Skotet, og organisasjonen bestemte seg for å innvitere til eit liknande arrangement i år, fortalde styremedlem Gro Anita Bårdseth, ein av leiarane på Åseneset. -Det er viktig å få med unge og få dei interessert i det organisasjonen driv med, seier ho.

På Åseneset møtte vi også to eldre gutar, Vegar Lindland og Ørjan Køhl. Begge har friluftsliv som bachelor-oppgåve på skule i Volda og jobbar rundt om på ulike ungdomscampar for Ålesund Friluftsråd. No var dei engasjer av Storfjordens Venner for å skape aktivitet og lage ein triveleg camp for tretten deltakarar.

Sjølv om vermeldinga ikkje lova høgsommar for uteliv, vart veret bra og vi trur dei fekk ein  triveleg camp ut frå programmet som var oppsett. Leiarane og alle deltakarane var nett komne til land igjen etter ein kajakktur på fjorden forbi Kurlå og tilbake. Deretter skulle dei rigge to lavvoar før det skulle bli nye aktivitetar i naturen, bålkos og grilling.

Her blir ein av lavvoane rigga.
Her blir ein av lavvoane rigga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380