LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Eliasbåten kjem igjen

Eliasbåten i småbåthamna i fjor med ei unge skipperar og Ole Hjalmar Bonsaksen som instruktør.
Eliasbåten i småbåthamna i fjor med unge skipperar og Ole Hjalmar Bonsaksen som instruktør.

For femte gong er Eliasbåten på plass og truleg i småbåthamna slik det har vore. Eliasbåten har fostra mange ein skipper på Hellesylt og nye blir «utdanna» i år.

No melder arrangøren av Hellesyltdagane på si facebook-side at Eliasbåten kjem også i år. Den tøffe båten er populær mellom unge.

Båten blir brukt av Redningsselskapet i forebyggande arbeid, lære born om å ta på redningsvest, vise sjøvett og å styre båt. Den har plass til to, tre born om bord saman med ein vaksen ansvarleg under båtturen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380