Får bruke helikopter

Helikopter A

Stranda kommune har gjeve World Base Race løyve til bruk av helikopter i samband med basehopping frå Helsetkopen 3. til 5. juli.

Løyvet til helikoptertransport for World Base Race gjeld frakt av kameracrew, kamerautstyr og andre involverte til Helsetkopen i Sunnylvsbygda i samband med planlagte konkurransar i fjellflyging.

Det er gjeve løyve for inntil 12 flyrørsle, der løyvehavaren må vise varsemd og unngå skader og ulemper av flyginga og avklare med grunneigar om å få lande i området, heiter det mellom anna i vilkåra som er gjeve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380