Lokalnytt

Feira 40 år innandørs

Lærar Arne Ringdal fortalde om husmannsplassane Kurlå og Åseneset.
Lærar Arne Ringdal fortalde om husmannsplassane Kurlå og Åseneset.

Storfjordens Venner hadde mykje interessant på programmet under jubileumssamlinga i samfunnshuset på Hellesylt søndag.

Storfjordens Venner vart skipa på Møll i Geiranger 1975 og feirar i år 40 år-jubileum. Det vart ei fin markering og i frykt for regn vart samlinga lagt under tak på Hellesylt. Der vart det fullsett samfunnshus, men regnet kom ikkje.

Ein del av programmet har vi omtala i andre referat.  Lærar Arne Ringdal hadde sett tilbake i historia på dei to husmannsplassane Åseneset og Kurlå og fortalde om folket som budde der og andre hendingar. Kva namnet Kurlå kom av meinte han utan å vere sikker kunne ha opphav i vinden som av og til oppstår der, tvinnaknutar som det blir kalla, vinden «kurlar» seg.

Skaut på småkval

Ringdal fortalde levande om folket som budde i Kurlå og livberga seg med ei ku, eit par sauer og to geiter som buskap. Og han var innom Åseneset og busetnaden der. Det vekte munterheit då han fortalde om tyskerane under siste krig som opna ild frå vaktposten sin på Åseneset mot ein flokk småkval. Dei trudde det var engelske ubåtar.

Prost Svein Runde hadde ord for dagen under Storfjordstemnet.
Prost Svein Runde hadde ord for dagen under Storfjordstemnet.

Ord for dagen

Som mange gonger før var det prost Svein Runde som heldt ord for dagen under Storfjordstemne også denne gongen. Prosten som no bur i Ørskog er ein ordrik person som bar fram sitt bodskap til ettertanke til ei lyttande forsamling. Runde var glad for både å bli spurd om oppdraget og for å få kome tilbake til Sunnylven der han var sokneprest i 27 år.

«Med hjarte for arven»

Jubileumsboka vart presentert på ein pressekonferanse tidlegare på søndag, men også under programmet fortalde Bjørn Steinar Skarbø, Asgeir Kvernberg, Gro Anita Bårdseth og fotograf Per Eide om arbeidet som hadde ført fram til ei flott jubileumsbok på 200 sider, rikt illustrert med bilete. Boka er i sal i fleire bokhandelar , på Coop Prix-butikkar og på Haugen Bokhandel på nett og kostar 390.- kroner.

Restaureringsprosjekt

Gjennom Storfjordens Venner sitt arbeid har det blitt restaurert 120 små og store prosjekt og brukt 20. mill. kroner utanom alt dugnadsarbeid. Odd Normann Hoff fortalde om  nye store prosjekt som Storfjordens Venner jobbar med. No pågår restaurering av stovehuset i Kurlå til ca. 1.5 mill. kroner, det er arbeid i gong i Grova ved Gravaneset, eit prosjekt på Langskipsøya i Storfjorden startar i desse dagar, oppmuring av veg i Oaldsbygda og utbetring av rås til Bringa er også planlagt i år, kunne Odd Normann Hoff fortelje.

Storfjordens Venner delte ut roser til mange av dei som hadde delteke under programmet og i ei flott jubileumsmarkering.
Storfjordens Venner delte ut roser til mange av dei som hadde delteke under programmet og i ei flott jubileumsmarkering.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380