Fotoutstilling med vakre Sunnmørsfjell

Salsutstilling med bilete av fotograf Kenneth Enstad frå Ålesund vart opna på Peer Gynt Galleriet laurdag. 18 store og små bilete prydar no veggane i utstilingslokala.
Bileta frå Enstad fall i smak og han fekk kjøparar alt den fyrste dagen. Gjennom sine foto har 46 år gamle Enstad fanga inn mykje vakker naturen, mellom anna fleire av dei majestetiske fjella på Sunnmøre. Det prega også utstillinga i Peer Gynt Galleriet.
-På ein vakker dag ligg dei der og lokkar. Desse fjella har inspirert menneske til å skrive musikk, poesi, leite fram fargepalletten eller fange dei inn i kameralinsa i eit lys og ei stemning som er magisk-.
Slik ordla Kari Hauso Stadheim seg då hå ønska Kenneth Enstad og publikum vel møtt til opning.
Fotograf Enstad fortalde til publikum om dei einskilde bileta i utstillinga, kvar motivet var i frå, når på døgnet og kva årstid det var teke på. Til hellesylt.info sa han at mange har gode fotoapparat i dag og får fram gode bilete sjølve. Det hadde kan hende vore større etterspurnad om det hadde vore oljemåleri, men fotografen som håper å kunne ha det som yrke fortalde at det har blitt sal både til private, institusjonar og bedrifter. Kanskje blir det fleire kjøparar også på Peer Gynt Galleriet den månaden utstillinga varer.
