Friluftsgudsteneste i Moldskreddalen
I strålande sommarver samla 23 unge og eldre seg til gudsteneste i Sunnylvs-Moldskreddalen søndag.
Det har blitt tradisjon med friluftsgudsteneste på Bygdastølen. I fjor regna kyrkjelyden i hus i eitt av sela, men i år kunne samlinga vere ute der sola varma svært så sommarleg i Sunnylvs-Moldskreddalen sin stor og grønkande katedrala. Mange tok turen til gudstenesta som spasertur, andre brukte sykkel eller bil.
Sokneprest Stein Karstensen heldt preika. Gudstenesta vart opna med ein svensk salme oversett til norsk, og den vart avslutta med Peter Dass sin «Herre Gud ditt dyre namn og ære».