Lokalnytt

Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS

Hægstad Gård  A

Vel 20 aksjonærar som representerte 505 aksjar møtte på ordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS måndag. Jan S. Storstein vart vald til styreformann i selskapet.

Måndag var det kalla inn til ordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS. På saklista stod årsberetning , rekneskap og val.

I mars i år vart det halde ekstraordinær generalforsamling i selskapet grunna ein vanskeleg økonomisk situasjon og der eit nytt styre på fire tok over. Jan S. Storstein har fungert som styreleiar og med Lena Parr, Randi Ansok og Arild Ringdal som styremedlemer.

Etter vedtektene kan styret i Peer Gynt Galleriet AS bestå av frå to til seks medlemer. Til den ordinære generalforsamlinga måndag hadde ikkje valnemnda nye kandidatar til styret. Styret held fram med dei fire som har fungert og med Jan S. Storstein som styreleiar, vald ved akklamasjon.

Storstein gjekk gjennom årsberetning for 2014. Der kom det fram at drifta dette året kom ut med underskot der eigenkapitalandelen i selskapet var mindre enn halvparten av aksjekapitalen. Salsinntektene var meir enn halvvert frå året før der besøk i galleriet utgjorde berre 18 prosent av inntekta. Lønnskostnadane låg derimot på nær det same som året før.

Etter ekstraordinært årsmøte i mars har styret teke fleire grep for å rette opp ein håplaus økonomisk situasjon som fungerande styreleiar kom inn på i ei god og belysande orientering. Eigedomen Hægstad Gård er no seld til Flo Eigedom AS der Peer Gynt Galleriet AS leiger kafe og kunstgalleri. Leiga er avtala til 3000.- kroner for galleriet og 9000.- kroner for kafeen per månad. Vidare er det selt fleire av treskurdbileta i galleriet for å få inn frisk driftskapital i drivarselskapet, men under forutsetning at bileta blir ståande i galleriet på Hægstad Gård.

Men styreformannen var klar på at kunstsenteret var avhengig av god drift og inntening framover og kom inn på tiltak som styret hadde drøfta. For husleiga skal betalast kvar månad heile året, sa nyvald styreformann Jan S. Storstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380