Gjev ut plate i nynorsk drakt

Kristian Haugen, talent både som songartist og på sin akustiske gitar.

Kristian Haugen, talent både som songartist og på sin akustiske gitar.

Kristian Haugen, musikktalent frå Hornindal stod for musikalske innslag under opning av fotoutstillinga på Peer Gynt Galleriet laurdag.

Trubadur Kristian Haugen begeistra med musikalsk underhaldning på Peer Gynt Galleriet også for to år sidan. Laurdag fekk den dyktige visesongaren velfortent applaus for nye flotte songinnslag og eminent spel på sin akustiske gitar.

Ferdig utdanna frå musikklinja i Volda er Kristian tilbake i Hornindal. Han har ikkje planar om å forlate heimbygda si, der trivast han godt, seier han. Og jobben er musikk i kulturskulen i kommunane Stryn, Eid og Hornindal. Elevane der har ein god og kreativ lærar, trur vi.

Til sommaren kjem han ut med eiga plate og tretten songar, alle med tekst og melodi av Kristian Haugen, på nynorsk. Å skape musikk på eige morsmål burde vere eit eksempel for fleire.

Under opning av fotoutstillinga på Hellesylt laurdag gav han smakebitar på det platekjøparane kan forvente å høyre. Dei har noko å glede seg til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380