Lokalnytt

Har starta El-sykkelutleige.

Knut O.K. Hole i midten har kjøpt inn el-syklar for utleige, levert av Vidar Flo, Jernia Stryn. Monica Rødven og Peer Gynt Galleriet AS hjelper med utleige.
Knut O.K. Hole i midten har kjøpt inn el-syklar for utleige, levert av Vidar Flo, Jernia Stryn. Monica Rødven og Peer Gynt Galleriet AS hjelper med utleige.

Eit nytt enkeltmannsforetak, Hellesylt El-sykkelutleige har starta opp. I alt fem syklar er innkjøpt, to med vogner.


Kontaktinformasjon:
E-post: kontakt@peergyntgalleriet.no
Telefon: 95013170
Prisar:
4 timar: 200,-
8 timar: 400,-

Det er Knut O.K. Hole som står bak Hellesylt El-sykkelutleige. I denne omgang er det kjøpt inn fem elektriske syklar levert av Jernia, Stryn.

Syklane er stasjonert på Hægstad Gård der betjeninga ved Peer Gynt Galleriet AS kan kontaktast og hjelper til med utleige. I tillegg til leige av syklar kan ein kjøpe seg  nistepakke, middag eller omvising i galleriet.

To av utleigesyklane har vogn for transport av små barn eller utstyr, alle kan brukast i minst fem mil mellom kvar ladding, har lys og kan også syklast som ein vanleg sykkel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380