LokalnyttLokalsport

Hardkøyr med Lyn Ski

Her er dei fleste utøvarane frå Lyn Ski samla ved ei av hyttene som dei bur i under opphaldet på Hellesylt. (Foto og video: Lyn Ski)
Her er dei fleste utøvarane frå Lyn Ski samla ved ei av hyttene som dei bur i under opphaldet på Hellesylt.
(Foto og video: Lyn Ski)

Søndag starta årets sommarsamling på Hellesylt for 19 langrennsløparar frå Lyn Ski, Oslo. Samlinga blir avslutta med Hellesyltløpet laurdag 4. juli.

Det har blitt mange harde økter alt for utøvarar frå Lyn Ski som er samla for fjerde år på rad til treningssamling i Sunnmørsk natur kring Hellesylt. Treningane blir leia av Hans Kristian Stadheim, sunnylving som er hovudtrenar i Lyn Ski senior.

Samlinga starta med løpetur Holedalen rundt på søndag kveld, ein rundtur frå start til mål på knappe tre mil. Måndag var det rulleskiøkt i vakre Norangsdalen som du kan sjå frå på videoen under.

Tysdag var planen å bestige Slogen frå Habostaddalen, men der var framleis mykje snø. Med tåke i fjella i tillegg vart toppturen avslutta på ca. 1100 meters høgd med retur tilbake gjennom Habostaddalen. Andre økt tysdag vart gjennomført på sykkelsetet og i eit privat treningsstudio.

Sjå frå rulleski i Norangsdalen her: https://www.youtube.com/watch?v=1gWy_9dHm88

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380