I finstas på skulesavslutning

Torsdag var siste skuledag for elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule med avslutningsfest. På ein høgtidsdag der også finstasen var på fekk dei sine avgangsvitnemål med svært gode karakterar.
Torsdag var eit hektisk men kjekt skuleår ved Sunnylven skule ved vegs ende. Det var sommaravslutning der elevar frå 3. og 4. klasse og ungdomsskulen stod for underhaldninga.
Aller fyrst kom Sunnylven skulekorps og bles eit triveleg program i gong med korpstonar, mellom anna musikk frå Olsenbanden. Som alltid svinga det flott frå bygda si stoltheit, musikantane i skulekorpset.
Rektor Bjørneset onska vel møtt og fortalde frå mange aktivitetar skuleelevane har vore med på gjennom vinteren og våren. Det var skidagar, overnattingsturar og han nemnde spesielt restaureringsprosjektet i Kurlå der elevane har delteke med rydding og brukt prosjektet i undervisning innan fleire fag. På veggane i samfunnshuset hang «kunstverk» av skog som elevane hadde henta frå ryddinga på Kurlå.
Mykje liv og fart vart det på scena då elevane i 3. og 4. klasse stilte i Felleskjøpet sine grøne kjeledressar og prisa bønder og jordbruket på fleire måtar. Det var eit innslag som leiaren i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad lika. Jau, det var eitt av dei aller beste programinnslaga, tykte han.
Gjennom sketsjar og song tok ungdomsskulen reisa frå skulen, til ungdomsår med dans og song og heilt fram til vaksen alder på statsministeren sitt kontor. Også det innslaget viste publikum å setje pris på.
Til sist kom høgdepunktet under skuleavslutninga, utdeling av vitnemål til elleve elevar i 10. klasse. -Er det ikkje ein flott gjeng, sa Torje Bjørneset og fekk publikum med i applausen. Han rosa elevane han hadde blitt kjent med gjennom eit år, det var ein flokk idrett og musikktalent som viste gode haldningar. Han trudde dei var heldige som hadde fått vekse opp på Hellesylt. -Alle på skulen er stolte av dokke og er sikre på at de blir gode ambassadørar for heimbygda, sa rektor vedc Sunnylven skule.
Bjørneset antyda at det var ei klasse som gjekk ut av skulen med svært gode karakter. Etter utdelinga tok elevane ordet i tur og orden og fortalde om spesielle hendigar frå fyrste til siste skuledag før dei delte ut roser til alle lærarar dei hadde hatt gjennom ti år ved Sunnylven skule.



