Ikkje tilskot til Hellesylt kai

Tømmerbåt lastar ved Hellesylt kai i desember 2013.

Tømmerbåt lastar ved Hellesylt kai i desember 2013.

Tolv kaier, mellom dei Hellesylt kai søkte om støtte til utbygging som tømmerkai. Søknaden fekk avslag.

Landbruksdirektoratet har bede fire av søkjarane, tre på Vestlandet og ein i Troms om å levere fullstendige søknader om tilskot til utbygging som tømmerkaier.

Stranda kommune og Hellesylt kai var mellom søkjarane, men fekk avslag. Kaia er ute av kampen om tilskot i denne omgang, går det fram av svaret frå Landbruksdirektoratet.

-Mange gode prosjekt

Dei fire som kan få tilskot til utbygging er Granvin i Hordaland, Flora i Sogn og Fjordane, Surnadal i Møre og Romsdal og Lenvik i Troms.

Torleif Terum i direktoratet seier til avisa Nationen at det er mangel på pengar som gjer at mange gode prosjekt får avslag denne gongen. Ved utvelging av kaier har det blitt lagt vekt på tømmermengde i området, kor mykje tilskot som måtte til for utbygging og om kaia er til nytte også for andre næringar, seier Terum.

Tømmerhogst ved Stadheim 2013.

Tømmerhogst ved Stadheim 2013.

For lite tømmer

Stranda kommune i samråd med hamnesjef i Stranda søkte om tilskot til utbygging av cruisekaia på Hellesylt til tømmerkai, men det vart avslag denne gongen.

-Om ordninga med tilskot til tømmerkaier held fram er det godt muleg at vi søkjer på nytt, men vinklar søknaden  på ein annan måte. Det var nok for lite tømmervolum som var avgjerande årsak til avslaget. Vi argumentert i søknaden med at Hellesylt kai var godt utbygd, det som stod att var å få lagt dekke på midtpartiet for at bilar kunne snu der og sleppe mellomlagring av tømmeret. Det var ei utbygging til rundt 10.0 mill. kroner, men det vart avslag, fortel næringssjef i Stranda Inge Bjørdal.

Tømmerbåt 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380