Inviterer til traktorkøyring

Martin Eide vann seg Massey Ferguson av Sunnylven Bondelag i fjor, her intervjua av programleiar Asbjørn Tryggestad. Til venstre Peder Hellebostad, til høgre Oddvar Tynes, begge frå bondelaget.

Martin Eide, Eidsdal vann seg Massey Ferguson av Sunnylven Bondelag i fjor, her intervjua av programleiar Asbjørn Tryggestad. Til venstre Peder Hellebostad, til høgre Oddvar Tynes, begge frå bondelaget.

Å køyre traktor kan vere artig. Det synest også borna under Sommardagar på Hellesylt som deltek i Sunnylen Bondelag sitt traktorrace.

Kvart år, i alle fall heilt tilbake til 2002 har Sunnylven Bondelag invitert born opp til 7 år til å prøve seg som traktorkøyrarar under Sommardagar på Hellesylt. Ikkje med dei store doningane med fleire titalls hestar under panseret, men den vesle fargeglade typen som ein berre kan tråkke seg framover med.

Etter ei løype på asfalten ved Sunnylven skule kan alle som vil mot ein rimeleg startkontingent få køyre runder både i krokar og rett fram etter «traktorvegen» på anten ein blå New Holland, ein grøn John Deer, eller ein raud Massey Ferguson.

Flotte doningar alt i hop, og desse blir lodda ut og trekt til odel og eige mellom ein av deltakarane i traktorracet. Alltid stor stas å bli eige av ein trøtraktor.

-Slik har arrangementet til Bondelaget vore kvart år og slik blir det i år, seier leiaren i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad. Han lovar at det også blir trekt minst eit par traktorar til mellom dei som deltek, men dei blir i ei litt mindre utgåve.

Så bondelagsleiaren har ei oppmoding til alle born, jenter og gutar opp til 7 år. -Kom, leit oss opp like ved skulen og bli med på traktorkøyring. Det kan bli flotte doningar å ta med heim etterpå-.

Traktorkøyringa er berre på laurdag og premieoverrekking foregår frå utescena seinare same dag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380