Lokalnytt

Klare til friluftscamp

 

Turistferja Bolsøy passerer like forbi Åseneset på veg til Hellesylt.
Turistferja Bolsøy passerer like forbi Åseneset på veg til Hellesylt.
 

Friluftscampen for ungdom på Åseneset har 13 påmelde til no. Det tykkjer Merete Løvoll Rønneberg er flott.

Det er ikkje dei beste verutsiktene for helga, men det blir friluftscamp på Åseneset for born og ungdom frå 10 til 15 år. Det er ikkje planer om å avlyse grunna dårleg ver, seier Merete Løvoll Rønneberg som er ein av leiarane under friluftscampen saman med Gro Anita Bårdset og arrangør Stranda friluftsråd.

-Mi erfaring er at unge ikkje er så opptekne av veret når dei fyrst kjem i gong med aktivitetar. Men det er viktig å ha med seg nok klede slik at ein kan skifte om det blir vått og kaldt. To unge gutar, Ørjan og Vegard skal hjelpe til med aktivitetar under campen frå laurdag til søndag. Det blir mykje spanande og lærerikt å oppleve, både fisking, turar, balansekunst på taubaner og masse prat og kos kring bålet, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Friluftscampen blir rydda og avslutta søndag kl. 12.00. Ein time seinare startar Storfjorden Venner sitt sommarstemne på same stad.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380