Klart for gudsteneste søndag

Frå gudsteneste på Høgreiten under Sommardagane i 2014.

Frå gudsteneste på Høgreiten under Sommardagane i 2014.

Under Hellesyltdagane blir det gudsteneste på Høgreiten søndag ved sokneprest Stein Bernhard Karstensen.

Den fyrste gudstenesta på Høgreiten vart halde ved sokneprest Svein Runde i 2006. Kvart år på søndag under Sommardagane har mange samla seg her på den vesle bustaden høgt over Hellesylt sentrum, ikkje berre til gudsteneste med salmesong, men også til barnedåp.

Gudstenesta i år er kl. 11.00 ved sokneprest Stein Karstensen. Også ei musikkgruppe medverkar under salmesongen.

Møtestaden i den store katedralen på Høgreiten er klar til søndag. Slåtten er no ferdig, melder Sunnylven kyrkje på si facebook-side.

 

Sunnylven kyrkje 25. juni.

Slåttekaren med følgje har full kontroll for å gjere Høgreiten klar til gudsteneste under Hellesyltdagane søndag 5. juli kl 11.00 Du kjem vel til Hellesylt?

Sau

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380