Klassevinnar i Nibbeløpet

Gode Kari-Anne Tryggestad Ryste held fram å imponere over lange løp. Laurdag vart det ny klassesiger.
Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL leverte varene då ho sprang Nibbeløpet , det 21 km. lange motbakkeløpet i Geiranger laurdag. Ho vann suverent si klasse K 45-49 frå sentrum av Geiranger til Dalsnibba på 2. 21.32.0. Tida var også god nok til 8. plass totalt mellom alle i kvinneklassa. Vinnar vart Audhild Hustad, Gular, 1.52.26.9.
Langrennsløparen Knut Anders Hatlen, Stranda kom på 4.plass i klassa for menn. Han kom i mål til 1.47.37.5 på den 1476 meter høge Dalsnibba.
Sunnylven IL hadde også tre andre deltakarar i løparfesten i Geiranger 6. juni. Johanne Ringdal Sæter, Inger Ringdal Sæter og Emilie Brekke gjorde alle gode løp over kortare distansar, men vi kjenner ikkje plasseringar.
