Lars Bremnes til Sommardagar på Hellesylt

Lars Bremnes blir å høyre når Sommardagar på Hellesylt innleiar med konsert i Sunnylven kyrkje fredag 3. juli.
Artist under konserten i Sunnylven kyrkje fredag 3. juli blir Lars Bremnes. Han er minstebror til systra Kari og bror Ola, alle kjende visesongarar frå nord-Norge. Lars Bremnes har med eigne musikarar til kyrkjekonserten under Hellesyltdagane.
Lars Bremnes er fødd i Svolvær 4. desember 1964. Som Kari og Ola har Lars blitt ein kjend og folkekjær artist og visesongar over heile landet. Han er låtskrivar og musikar der han trakterer både saksofon og gitar, og tidleg i karriera leia hann sitt eige band der dei andre medlemane var Terje Johannessen, Georg Buljo, Helge Harstad og Anders Engen. Desse blei nominert til Spellemannsprisen i 1994 for utgivelsen av «Stjernesukkertøy».
Melodier som «Fiolinan» og «Å kunne æ skrive» har gjeve Bremnes eit stort namn som visesongar.
I 2000 vart det Spellemannspris på Lars Bremnes saman med Kari og Ola for albumet «Soløye» og i 2006 ein ny Spellemannspris for «Hjartekaptein». Prøysenprisen vart tildelt Lars og Ola i 2009. Privatlivet lever Lars saman med kona Marianne som er ordførar i Harstad kommune. Dei har to barn.
Det er Hellesylt Ungdomslag som har ansvar for gjennomføring av kyrkjekonserten 3. juli og som er fyrste post på programmet under Hellesyltdagane 2015.