Lyn-angrep på løyperekord

Lyn ski kjem med totalt 19 deltakarar til sommarsamling på Hellesylt. (Arkivbilete frå 2012)

Lyn ski kjem med totalt 19 deltakarar til sommarsamling på Hellesylt. (Arkivbilete frå 2012)

Lyn ski, Oslo kjem med rekordstor tropp til treningssamling i Sunnylven og på Hellesylt. Hellesyltløpet avsluttar samlinga.

Lyn ski stille med 19 menn og kvinner under treningssamling på Hellesylt frå søndag 28. juni til 5. juli. Det heile blir avslutta med angrep på løyperekorden i Hellesyltløpet, seier trenar Hans Kristian Stadheim.

Han kjem med skarpskodde deltakarar, også landslagsløparar i langrenn. Hans Christer Holund er ny på det norske elitelaget i langrenn og kjem til Hellesylt på sommarsamlinga, i år for femte året på rad. Tre jenter frå Lyn ski tek også turen til Hellesylt i år. Det er Pernille Skarpnes, Kristin Hjelstuen og Solveig Hegstad Krüger.

Også mange nye

Den andre landslagsløparen i Lyn ski, Simen Hegstad Krüger er på samling med rekruttlandslaget og kjem ikkje til Hellesylt. Men rekordhaldar i herreklassa i Hellesyltløpet, Anders Mølmen Høst er klar for sommarsamling. Langrennsløparen som har spresialisert seg på lange løp kom i fjor på andre plass etter Kristian Nedregård som var få sekund bak rekordtida.

Også Fredrik Ole O. Andersen som gjekk på Lyn ski sitt sølvlaget i stafett sist vinter kjem, det same gjer Bendik Persch Andersen, nyleg tredjemann i Oslo Skishow på rulleski, Håkon Hjelstuen, Henrik Bakke og Jonas Udjus Frorud som kom på sjette plass over 21.1 km. i Birkebeinerløpet  er nokre av mange til samlinga. Kort sagt dei fleste som har vore på sommarsamling før og nokre til kjem.

Siktar etter ny rekord

Sommarsamlinga på Hellesylt er lagt opp som ei god treningsveke, men også med opplevingar og hyggeleg samvær, fortel Hans Kristian Stadheim som har hatt trenarjobb i Lyn ski i ti år.  I fjor var heile gjengen mellom anna på tur til Geiranger med bading og spa på Union Hotell.

Området i og rundt Hellesylt har gode treningsmoglegheiter med fjellturar, løpeturar i dei mange sætredalane, og ikkje minst langt tryggare vegar for rulleskitrening enn i Oslo-området, seier han.

Og i år blir treningane lagt opp for å gjere ein god innsats i Hellesyltløpet, seier Hans Kristian som veit at mange i Lyn-gjengen siktar etter ei topplassering og kanskje ny løyperekord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380