Lokalnytt

«Med hjarte for arven»

Frå presentasjon av jubileumsboka frå venstre Asgeir Kvernberg, Bjørn Steinar Skarbø, Gro Anita Bårdseth, Harald Kjølås, Per Eide, Kjell Løseth
Frå presentasjon av jubileumsboka frå venstre Asgeir Kvernberg, Bjørn Steinar Skarbø, Gro Anita Bårdseth, Harald Kjølås, Per Eide, Audun Skjervøy og Hegelin Waldal.

Før Storfjordens Venner sitt sommarstemne søndag vart jubileumsboka «Med hjarte for arven» presentert grundig under ein pressebrif på Hægstad Gård.

«Med hjarte for arven» er ei bok som omhandlar Storfjordens Venner sitt arbeid med å ta vare på kulturarven i Storfjordområdet gjennom 40 år. Fleire har bidrege til skrivinga der Eldar Høidal og Helge Søvik er mellom dei mest produktive.

Redaktør har vore tidlegare leiar i organisasjonen, Asgeir Kvernberg og biletredaktør Gro Anita Bårdseth.

Det har blitt ei praktbok som eg utan å nøle gjev terningkast seks, sa Jon Suul under pressekonferansen. Også leiar Kjell Løseth var umåteleg stolt av boka på 200 sider og som kjem i sal både på bokhandel og Coop Prix-butikkar, og på nett over helga.

Løseth rosa forfattarane av boka, vi har hatt eit stjernelag, sa han og meinte at det kunne skrivast mykje meir frå Storfjordområde, både livet på fjorden, i fjorden og ikkje minst om geologien.

Som redaktør hadde Asgeir Kvernberg små utfordringar. Det har vore dyktige folk i alle deler av arbeidet. Det som var einaste utfordringa var å få fatt i eldre bildemateriale, frå arbeidet dei fyrste åra. Storfjordens Venner har ikkje vore flinke nok til å arkivere bilete under vegs, men andre har hatt og lånt oss bilete og støtta oss med boka på den måten, sa Kvernberg.

Bilderedaktør Gro Anita Bårdseth tykte det hadde vore eit inspirerande arbeid, men også litt vanskeleg å velje vekk gode bilete. Ikkje alt var der plass til, men gjennom det som kom med har vi prøvd å vise mangfaldet av personar, gardar og dugnadsarbeid som har blitt utført, sa Gro Anita Bårdseth. Gjennom 40 år har Storfjordens Venner restaurert heile 120 prosjekt og skaffa til vegs 20. mill. kroner utanom alt dugnadsarbeid, fakta som ein kan lese om i jubileumsboka til 390.- kroner.

Bjørn Steinar Skarbø leiar pressekonferansen på Hægstad Gard der også Harald Kjølås som har skrive fleire portrett av personar i boka var til stades. Namnet til boka, «Med hjarte for arven» kom til etter ein namnekonkurranse, vunne av Asle Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380