Ny loppemarknad med sanitetslaget

I 2014 var loppemarknaden til sanitetslaget under uversskuret ved skuleinngangen. Der blir det i år også.

I 2014 var loppemarknaden til sanitetslaget under uversskuret ved skuleinngangen. Der blir det i år også. (Arkivfoto)

Sunnylven sanitetslag har stort besøk kring salsbenkane når dei opnar loppemarknaden sin under sommardagar på Hellesylt. Det skjer ved skuleinngangen laurdag.

I meir enn ein mannsalder har Sunnylven sanitetslag skipa til loppemarknad i Hellesylt under sommardagane. Arrangementet var starten på det som vart ei av dei mest folkerike festivalhelgane på indre Sunnmøre sommarstid.

Det blir fortalt at sanitetsdamene tykte det skjedde så lite på Hellesylt om sommaren. Dei kom saman og la planer for å arrangere noko, og det vart loppemarknad.

I starten var marknaden i Gatå ved Kleivabuda og seinare vart den flytta litt lenger bort til Kyrkjelydshuset. Då dette var hovedgata på Hellesylt skapte loppemarknaden trafikkaos enkelte år. Spesielt eitt år då eit cruiseskip var på Hellesylt under «dagane» og turistane strøymde til for å sjå, oppleve og kanskje handle av alt som var utstilt vart det delevis uframkomeleg for reisande til og frå ferja, er det fortalt. Sanitetsdamene fekk fart på stillheita i gata på Hellesylt.

Ved skuleinngangen

No har sanitetsdamene funne ein enno betre plass, under tak ved inngangen til Sunnylven skule og midt i «smørauge» for den store folkehopen.

På dei snart 40 åra loppemarknaden har blitt arrangert har det kome inn mange pengar på sal av bruksting, prydgjenstandar, møblar, ja kort sagt alt mogleg. Overskotet har Sunnylven sanitetslag sendt vidare til glede både for bebuarane på omsorgssenteret, i barnehagen eller andre gode formål i bygda.

Også morosame hendingar kan arrangøren sjå tilbake på. Det blir fortalt at under loppemarknaden i 1976 var Erling Rusten auksjonarius og svinga hammaren. Han argumenterte overbevisande for alle varer, også for ei ullunderbukse som han etter velvalde ord greidde å selje for 300.- kroner. Det var god pris den tida.

I år som i fjor riggar Sunnylven sanitetslag sitt loppemarked under uversskuret ved inngangen til Sunnylven skule. Det blir «loppehandel» berre laurdag, frå kl. 09.00.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380