Nye rastebord i Fureskogen

På Tryggestad har gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre mellom anna blitt til tre rastebord på den Trondhjemske postvei.
Tryggestad Grendalag fekk 15.000.- kroner i gullkornmiddlar då Sparebanken Møre «opna pengesekken» under Sommardagar på Hellesylt i fjor. No får turgåarar etter Den Trondhjemske postvei i Tryggestadskogen glede av gåva. Der er det sett ut tre nye rastebord, eitt like ved Hjellbrua, eitt ved trimposten og det tredje lenger fram mot Storhaugen.
-Vi har også grøfta litt på eit vått parti ved Hjellbrua og skifta eit røyr i ein bekk som kryssar vegen lenger heim mot Karbø, fortel Tor Arne Tryggestad. Saman med Oddvar Tryggestad har dei to teke tak og ordna desse trivselstiltaka for pengane som grendalaget fekk frå Sparebanken Møre.