LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Nye skilt for Hellesyltdagane

Nye skilt for Hellesyltdagane er på plass, festivalhelga som startar 3. juli.
Nye skilt for Hellesyltdagane er på plass, festivalhelga som startar 3. juli.

Hellesyltdagane har fått ny logo og nye reklameskilt. Sola med dei gule strålane er bytta ut med akantusrankar.

Det er Karoline Aaland frå Hellesylt som har stått for utforming av logo på dei nye skilta. Eit heilt nytt skilt med ein heilt ny logo i høve til det gamle med den skinande sola som pryda avisa og skilt for Sommardagar på Hellesylt i 15 år.

Til venstre på dei nye skilta har Karoline Aaland plassert ein logo av flotte akantusrankar med innputt av gule plastender. Eit kreativt påfunn då sleppet av gule plastfuglar i Hellesyltfossen er eitt av innslaga som aukar besøkstala mest under «dagane».

Også val av skrift på skiltet var kledeleg og inspirerande med «God sommar! Sjåast på Hellesyltdagan», med dagar og dato under.

Vi saknar kan hende litt den gule, runde sola som også gav skilta farge, for det brukar å vere godt med sol under den store sommarhelga på Hellesylt. Men godt jobba og gratulerer med ny logo og nye skilt.

Hellesyltdagane 2015 startar fredag 3. juli og varer ut søndag 5. juli.

Fekk oppdraget av festivalkomiteen

Her er Karoline Aaland sin kommentar og grunngjeving for dei val ho gjorde med utforming av den nye logoen:

 -Eg vart spurt av komiteen om eg kunne lage ein ny logo til Hellesyltdagane, tidleg denne våren. Dette var ei oppgåve eg takka ja til med stor ærbødighet, då eg kjem frå bygda sjølv og veit kor mykje desse dagane betyr for bygda.

Eg ønskte å lage ein logo som kunne representere Hellesyltdagane på ein verdig måte. Den måtte representere sommardagane, men samtidig vere unik. Tradisjonsrik, men sommarleg. Eg spurde meg sjølv, kva er det som kjenneteiknar Hellesylt, og då vart det Hellesyltfossen eit naturleg utgangspunkt.

Ein anna ting som eg synes er unikt med Hellesylt, er fine turkisfargen fjorden til tider får på vår- og sommarstid, og valet på farge falt dermed på denne spesielle blågrøne nyansen.

Eg jobba lenge med å finne ut korleis ein kunne framstille ein foss på ein enkel men effektfull måte. Då vi kom i 17. mai-tider kom vi i ein fase der det går mykje diskusjonar om kva bunad som er finast, og for min del er svaret enkelt: sunnmørsbunaden. Eg begynte då å lure på om det var mogeleg å innarbeide mønsteret til sunnmørsbunaden inn i logoen.

Hellesylt har fostra mange dyktige handverkerar, særleg innan broderi og trearbeid. Dette er ein hyllest til dei flittige hendene som har skapt so mykje vakkert. Ved å hente element frå den tradisjonelle handverkskunsten, akantusrankane, prøvde eg å sette opp desse so dei illustrerte bevegelsane i ein foss, samstundes som dei formar ein H for Hellesylt. I samråd med styret for Hellesyltdagane, vart vi også einige om å sette inn ender, som eit kjenneteikn for dei moderne Hellesyltdagane.

 Resultatet vart ein kombinasjon av natur, mennesker, tradisjon og nytenking. Eg vonar mine sambygdingar vert nøgde med den nye logoen, og at den kan representere bygda og Hellesyltdagane på ein verdig måte-.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380