LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Premiebordet til fjellflyging klart

Martin Janssen har tre store trekrus til dei tre beste i World Base Race neste helg.
Martin Janssen har tre store trekrus til dei tre beste i World Base Race neste helg.

Martin Janssen har i alle år laga premiar til basehopparane som konkurrerer om raskaste nedtur frå 1246 meter høge Helsetkopen. Premiebordet er klart også i år.

-Når basehopparane landar etter hopp frå Helsetkopen er det nesten rett ned i treemna som eg lagar premiane av, fleipar Martin og smiler. Helsetkopen, det bratte, stolte fjellet i Sunnylvsbygda som reiser seg nærmast loddrett opp er arena for menn og kvinner i vingedrakt.

Vart gardbrukar

Martin Janssen var profesjonell musikar frå Nederland då han møtte kona Margreta for 34 år sidan. Dei busette seg på Helset på flatene under Helsetkopen der dei dreiv mjølkeproduksjon i mange år. Men reglar og strenge krav til bygningar og produksjon gjorde at dei for nokre år sidan valde å slutte, slik fleire andre bønder har gjort.

Gjev vekk

Fjøset på garden vart til hobbyverkstad og her har Martin forma treemne av alle typer treslag til store og små bruks –og pyntegjenstandar i dreiebenken sin. Det har blitt gåveartiklar til mange, gevinstar til basarar og lotteri, og premiar til fotballag og World Base Race, fortel han.

Til dei tøffe fjellflygarane har han ordna premiar i alle år, heilt frå fyrste konkurranse i 2008. Og alle er overrekt som gåve frå Martin, han driv det heile som hobby utan å tene ei krone. –Det er heilt greitt, eg har glede av å gje ei gåve til andre, seier han og viser fram eksemplar av flotte ting som ein eller annan person, kanskje i nær framtid vil få overrekt som gåve frå Martin.

Martin Janssen har også laga dei store totempelane som prydar tunet på Helset.
Martin Janssen har også laga dei store totempelane som prydar tunet på Helset.

Seks premierte

Treslaga han dreiar av finn han i skogen på garden. Det kan vere gran, furu, bjørk, osp, kort sagt alt kan brukast, seier han. Dei tre store seidlane som pallvinnarane i World Base Race skal få etter konkurransen som i år er fyrste helg i juli, er dreia av bjørk. Til dei tre neste på premielista er storleiken på brukskunsten litt mindre, men også dei laga i fjøset og hobbyverkstaden. Premiebordet er klart i år også, bekreftar Martin Janssen.

Finalehopping laurdag

World Base Race startar hoppinga kanskje alt torsdag 2. juli. Då må deltakarane gå den lange vegen om Liadalen til Helsetkopen. Fredag kan det bli lettare å nå toppen. Arrangementet har fått løyve til å nytte helikopter til frakt av deltakarar og filmteam, opplyser Livia Dickie i World Base Race.

Sjølve konkurransen er bestemt til laurdag 4. juli med premiering etterpå. Livia Dickie tek atterhald for at det kan bli endringar under vegs då det heile er svært veravhengig, skriv ho. Arrangøren vil prøve å informere om tidspunkt både på nettet og frå utescena på Hellesylt.

Kring fyrste helg i juli blir det nye luftige hopp frå Helsetkopen. (Foto: World Base Race)
Kring fyrste helg i juli blir det nye luftige hopp frå Helsetkopen. (Foto: World Base Race)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380