Lokalnytt

Rasfarleg reguleringsplan

Leiarar for nærngslivet på Hellesylt er lite nøgde med forslaget til reguleringsplan som vart presentert på eit møte 26. mai.
Leiarar for nærngslivet på Hellesylt er lite nøgde med forslaget til reguleringsplan som vart presentert på eit møte 26. mai.

Næringslivet på Hellesylt er lite nøgd med utkast til reguleringsplan. Mellom anna blir store deler av Hellesylt sentrum rekna som rasfarleg.

Etter rundar med møter, kommentar og skriftlege merknader som ikkje er tekne med, skal reguleringsplanen for Hellesylt sentrum til handsaming i Stranda kommunestyre i juni. Det ynskjer fleire innan næringslivet i bygda å få utsett.

Bedriftseigarar på Hellesylt er sterkt missnøgde med planen som dei fekk presentert på eit møte 26. mai.

Ikkje utviding

Mellom dei som får sett bremsene på er HT Bygg Hellesylt AS som etter reguleringsplanen har blitt ein rastruga bedrift. Svært overraskande og ei katastrofe, seier dagleg leiar Øystein Ljøen ved byggefirmaet.

-Rasfare her har ikkje vore tema nokon gong eller kjent og omsnakka av folk. Det heile er svært overraskande og gjer at vi ikkje får utvide verken bygg eller med tilsette. Vi meiner planen ikkje kan kome til politisk handsaming før vi får dokumentert at våre merknader som er innsendt til rett tid er lovleg behandla. Vi har bedt kommunen om møte angåande dette-, seier Ljøen.

Må skrinlegge planar

Også Hellesylt turistsenter har sendt inn merknader med ynskje om endringar i planen utan at nokon av desse er tekne med. Turistsenteret har planar om utbygging og har alt brukt pengar på planlegging, men denne utbygginga må skrinleggjast om planen blir godkjent. Store deler av arealet er skravert som rasfarleg område.

Reguleringsplanen vil få konsekvensar også for Formvac AS og kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS og utvidingsplanar for Hellesylt sin største arbeidsplass.

Ikkje flodbylje

Rasfaren det er snakk om på Hellesylt er ikkje flodbylje frå utrasing av fjellet ved Åkneset lenger, men snøras som kan kome om hundre, tusen eller fem tusen år.

Øystein Ljøen ved HT Bygg Hellesylt AS meinar planen er ei katastrofe for Hellesylt om den blir vedteken slik utkastet er. -Det blir eit «punktum» for all vidare utvikling-, seier han.

Reguleringsplan for Hellesylt med innteikna grenser for snøras. Brune- 100-års-skred, Orange, 1000-års-skred, gult, 5000 års-skred. (Utlånt av Arne Inge Tryggestad)
Reguleringsplan for Hellesylt med innteikna grenser for snøras. Brune- 100-års-skred, Orange, 1000-års-skred, gult, 5000 års-skred. (Utlånt av Arne Inge Tryggestad)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380