LokalnyttSætrestølar

RINGDALSTØLEN

 

 

Ringdalstølen i Sunnylvsmoldskreddalen.
Ringdalstølen i Sunnylvsmoldskreddalen.

Ringdalstølen er ein av tre sætrestølar i Sunnylvsmoldskreddalen. Mange gardsbruk har setra si her og dyr som beitar i sommarhalvåret. Nokre av stølshusa er restaurert og nytta som fritidshus.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

Nord: 6891300

Aust: 386700

Høgde: 470 moh

LANDSKAP

Ringdalstølen ligg saman med Bygdastølen og Moldskreddalen inst i

Sunnylvsmoldskreddalen. Den inste delen av dalen utgjer eit lukka landskapsrom, der

Hesten er eit viktig landemerke. Stølen ligg i ei vestvend skråning vis-à-vis

Bygdastølen.

VEGETASJON

Vegetasjonsbiletet verkar mangfaldig og er dominert av naturengplantar og lyngtuer.

Stadvis er det oppslag av bregnar og einer, men gjengroinga er ikkje markant.

Ringdalstølen 2

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

På stølen er det i dag åtte bygningar og halvparten av desse er gamle sel, som no

truleg nyttast som fritidshus. Ei ny hytte er bygd opp på gamle murar. I tillegg er her

to løer, samt ein gamal fjøs. Sistnemnde ligg langs eit steingjerde som går frå elva og

langt oppover lia. Rundt på stølen er det fleire tufter og steinstrukturar, men det er

vanskeleg å sjå kva slag funksjon alle desse har hatt.

Ringdalstølen 3

VURDERING høg/middels verdi

Sæterbygningane dannar eit spesielt og koseleg miljø, omgitt av ei godt beita

kulturmark og mange steinrøyser. Dette gir sætra eit variert og spanande preg. Den

nye hytta øydelegg litt av inntrykket, då denne bryt med dei andre når det gjeld

materialbruk og storleik. Sætra er likevel eit viktig element i eit storslått landskap.

MULIGHEITER middels potensial

Sætra er lett tilgjengeleg langs bilveg frå Ringdal, og ligg i eit flott område med mange

aktivitetsmuligheiter. Dalen har truleg eit stort utviklingspotensiale, både på grunn av

at her er sæterdrift, og på grunn av det flotte landskapet med sine turmuligheiter.

Stølen kan tole utbygging, men dette bør skje med omsyn til dei andre sætrane i

dalen.

Ringdalstølen 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380