Røyrhussætra

Røyrhussætra.
Røyrhussætra.

Røyrhusdalen med sætra og dei to sidedalane Tverrdalen og Skihelledalen er grasrike sætredalar med mykje beitande husdyr i sommarhalvåret. Ved Brudaholen i Skihella har Sunnylven IL ein trimpost.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim. 

Nord: 6875500

Aust: 385300

Høgde: 535 moh

LANDSKAP

Sætra ligg i ei sørvestvend helling, inst i Røyrhusdalen, der den går over i Tverrdalen

og Skihelledalen. Den inste delen av dalen utgjer landskapsrommet med bratte

fjellsider i sør og noko slakare på nordsida. Mot nordvest vidar dalen seg ut imot

Langedalen. Botnenibba er eit viktig landemerke i dalen.

VEGETASJON

Lauvskog med mykje bjørk og rogn omkransar stølen som elles er dominert av

grasmark, lyngtuer og bregnar. Kring hustuftene veks det ein del ugrasartar som

brennesle og tistlar. Sætervollen er open og foreløpig er ikkje gjengroing noko

problem og heller ikkje nokon stor trussel.

Røyrhussætra 2

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

Bygningane på stølen ligg langs vegen innover, med ein stor, eldre garasje heilt i

starten, like før ei nyare hytte. Endå ein garasje/løe ligg i lia før ein kjem opp til ei

klynge med to sel og ei løe. Sela har vore pussa opp og verkar å vere i god stand.

Løene i området verkar også solide.

Om lag 100 m lenger inn på stølsområdet står det ei eldre løe og eit sel (truleg frå

omkring 60-talet), som begge er i grei stand. Her finst det også tufter etter 3-4 andre

bygningar.

Innanfor alt dette ligg eit inngjerda tun med større hytter, og kring denne tomta, finst

fleire kulturminne, i form av eit gammalt

VURDERING høg verdi

Røyrhussætra står fram som ein heilskapleg og harmonisk støl, med stor variasjon. Ho

ligg flott plassert i landskapet, og nærleiken til elva er viktig. Variasjon i typar

sæterhus og eit autentisk kulturlandskap gjer stølen til eit svært spanande og viktig

element i landskapsbiletet. Nye hytter i nærleiken påverkar i liten grad dette

inntrykket.

Røyrhussætra 3

MULIGHEITER

Tilgangen til sætra er lett, med bilveg heilt fram. I nærområdet er det gode tur- og

fiskemuligheiter, som kan trekke folk. Stølen toler utvikling, så lenge dette er gjort på

ein godt tilpassa måte. Hustufter er i seg sjølv viktige kulturminne, og ein bør ikkje

bygge nytt på alle desse. Nybygg kan skape tilbod for overnatting og opphald, kanskje

som ein stad for møter eller mindre konferansar, noko som til dømes kan kombineras

med sal av lokal mat.

Røyrhussætra 4

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380