Lokalnytt

Slo graset på Åseneset

Dei gjorde unna slåtten på Åseneset, frå venstre Nils Roger Matvik, Jon Inge Smoge, Gro Anita Bårdseth og Asgeir Kvernberg.
Dei gjorde unna slåtten på Åseneset, frå venstre Nils Roger Matvik, Jon Inge Smoge, Gro Anita Bårdseth og Asgeir Kvernberg.

Laurdag var fleire frå styret i Storfjordens Venner på Åseneset for å gjere unna slåtten. Der skulle deltakarar i ungdomscampen halde «hus» det neste døgnet.

Slåtten gjekk fort unna på Åseneset laurdag. Det hadde vakse fram ei fin avling grønt, saftig gras på det som skulle vere stemnestad for Storfjordstemne i år. Men usikre vermeldingar og fåre for mykje regn gjorde at leiinga tidleg laurdag vedtok å flytte programdelen innandørs, til samfunnshuset på Hellesylt.

Stemnestaden på Åseneset skulle likevel brukast av fleire ungdomar, så området vart fint frisert. Slåtten gjekk unna med ei nymotens motorisert slåmaskin og ei god gamaldaks rive. Slåttemannskapet mangla høygaffel så det må med på neste investeringsbudsjett.

Ut oover laurdag rigga deltakarane i ungdomscampen seg på Åseneset på dei nyslegne flatene på den gamle buplassen.

Ein tidlegare (seks år) og noverande leiar i Storfjordens Venner, Asgeir Kvernberg til høgre og Kell O. Løseth.
Tidlegare leiar i seks år, Asgeir Kvernberg, Ørskog til høgre og noverande leiar i Storfjordens Venner, Kjell O. Løseth, Straumegjerde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380