Lokalnytt

Søkjer om helikopterløyve

Det er Nord Helikopter som skal utføre flygingane til Helsetkopen.
Det er Nord Helikopter som skal utføre flygingane til Helsetkopen.

World Base Race har søkt Stranda kommune om løyve til helikopterflyging til Helsetkopen under konkurranse i juli.

 

Søknaden gjeld transport av basehopparar i konkurranse 3. til 5. juli. Då blir det arrangert World Base Race i fjellflyging frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Det er Nord Helikopter som skal utføre flygingane med inntil fem, seks løft kvar dag frå målområdet ved Helsetvatnet til fjellet Helsetkopen.

For kurante formål som går igjen over fleire år, kan løyve gjevast for dette. Flyginga kjem ikkje i berøring av verneområder, går det fram i søknaden. World Base Race har blitt arrangert ved Helsetkopen årleg frå 2010, året etter at NM vart avvikla, og same helg som Sommardagar på Hellesylt (Hellesyltdagane).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380