Lokalnytt

Sommarkonsert med kulturskulen

Frå sommaravslutninga i fjor der mange deltok.
Frå sommaravslutninga i fjor der mange deltok.

Fredag kveld er det klart for eit nytt, stort musikalsk høgdepunkt i Sunnylven. Då blir det konsert med elevar i Stranda kulturskule.

Det er god variasjon både i instrumentval og repertoar når elevar frå kulturskulen underheld på sommaravslutning. Både tangentinstrument, gitar, slagverk, fele og ikkje minst song blir det å høyre frå elevane, også støtta av dyktige lærarar. Og det blir musikk med Sunnylven skulekorps og aspirantane.

Frå kjøkkenet blir det sal av kaffi og kaker og det blir sal av lodd på gevinstar, mange gjevne av det lokale næringsliv.

Kulturskulen si sommaravslutning i Sunnylven er på samfunnshuset fredag 12. juni kl. 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380