Sommarquiz på Hægstad Gård

Fredag kveld blir det quiz på Hellesylt med Peer Gynt Galleriet som arrangør.
Det er to drevne quiz-arar som har laga spørsmål og leier kunnskapstevlinga fredag kveld. Jens Arve Forbord og Eivind Louis Helset er hyra inn til den fyrste quiz-konkurransen denne sommaren på Peer Gynt Galleriet.
-Kvart lag kan bestå av inntil seks personar. Også fleire kan vere med på laget, men då stiller dei utanfor konkurransen om å vinne og sikre seg og laget gevinst. Påmelding er 50.- kroner pr. person, og 30 spørsmål blir stilt i to omgongar. Etter femten er det pause og retting av svara før dei siste femten blir stilt. Og spørsmåla, ja dei blir varierte med både musikk, geografi, nasjonale og internasjonale spørsmål, og kallenamn på lokale personar, forklarar Jens Arve Forbord.
Tusen kroner
Fyrste spørsmål i sommarquizen på Peer Gynt Galleriet blir stilt kl. 20.00 fredag kveld, men dørene opnar i god tid og minst ein halvtime før, opplyser Monica Rødven. Ho håper mange kjem og blir med på quiz og lovar heile 1.000.- kroner i premie til vinnarlaget. Påmelding av lag kan skje på fredag, men gjerne også på førehand.
Sjå og aktivitetskalendar.