Spela finale i Stordal Cup

Sunnylven J16 kom til finalen i Stordal Cup . Der vart det tap mot Sykkylven Kvit 5-0.
Sunnylven Fotball stilte med fire lag i Stordal Cup. Aller best gjorde J16-laget det med andre plass i si gruppe til slutt. Laget møtte Sykkylven Blå i fyrste kamp og vann 3-2. Neste oppgjør var mot eit samansett lag frå Norddal/Eidsdal/Geiranger og det vart ny siger 5-0.
Dermed var det klart for finale mot Sykkylven Kvit. Eit toppa Sykkylven-lag vann klart 5-0, men Sunnylven J16 fekk sølvplassen i Stordal Cup, ein flott prestasjon. Fleire av laget sine faste spelarar mangla i denne turneringa. Desse var på laget: Emilie, Olene, Hege, Madelen, Birgitte, Malin, Gina, Brede, Ottar.
Også J14-laget kom på pallplass og vart nr. tre. Andre lag i Stordals Cup frå Sunnylven Fotball var G13 og J9.
Alle bilete: Åse Støverstein Ringdal.


