Lokalnytt

Stjernelag i Aasentunet

Stjernelaget, frå venstre Hans Mathisen, Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen, Paolo Vinaccia, Bendik Hofseth.
Stjernelaget, frå venstre Hans Mathisen, Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen, Paolo Vinaccia, Bendik Hofseth.

Torsdag kveld fekk eit fullsett amfi i Aasentunet i Ørsta oppleve vakker folkevisesong i lett jazza drakt.

Kirsten Bråten Berg er kjend for gode tolkingar av folkeviseskattar og stev. Med eit lag av dyktige musikarar klang det vakker og varleg, men også i lett jazza rytmer i nynorskdiktaren Ivar Aasen sitt heimetun.

I intervju har Kirsten Bråten Berg røpa at ho aldri har lært seg notar. Det hindrar henne tydeleg vis ikkje i å levere tradisjonssong som publikum set pris på. Og med Arild Andersen bass, Bendik Hofseth saxofon, Paolo Vinaccia trommer og Hans Mathisen elgitar var laget solid komponert for ein konsert av høg kvalitet. Kanskje var det musikalske lydnivået i høgaste laget, for ved enkelte høve datt tekst og stemme til Bråten Berg nesten heilt ut.

Gjesteartist under dei Nynorske festspela og konserten var visesongaren Lars Bremnes. I duett med Kirsten Bråten Berg fekk publikum høyre Kjartan Fløgstad sin tekst og Bremnes sin melodi i songen «Slak line». Det var eitt av høgdepunkta i Aasentunet torsdag kveld.

Lars Bremnes blir på høyre også i Sunnylven kyrkje fredag 3. juli.

Gjesteartist under konserten var Lars Bremnes, her i duett med Kirsten Bråten Berg.
Gjesteartist under konserten var Lars Bremnes, her i duett med Kirsten Bråten Berg.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380