LokalnyttLokalsport

Stor oppleving for unge spelarar.

Søndag fekk unge spelarar frå Sunnylven Fotball oppleve stemninga på eliteseriekamp. Oppgjøret mellom AaFK og Stabæk på Color line Stadion enda 1-1.

Med stor buss drog spelarar og mange foreldre til eliteserieoppgjøret mellom AaFK og Stabæk søndag. Spelarar frå J12, G13, J14 og J16, i alt 26 jenter og gutar var invitert av Ålesundklubben til å vere ballhentarar under kampen. Dei gjorde ein god jobb og var flotte ambassadørar for Sunnylven Fotball.

I tillegg var seks av dei yngste ballspelarane i Sunnylven, dei mellom 7-10 år uttrekte til å vere med som maskottar. Like mange var med frå kvar av klubbane på Stranda, Liabygda og Geiranger.

Det vart ein opplevingsrik dag for alle, fortel Åse Støverstein Ringdal som var med både frå styret i Sunnylven Fotball og som foreldre saman med 20 andre.

-Våre ballhentarar bar inn og ut Fair Play-flagget før avspark, og ballhentinga under kampen gjekk heilt flott. Det var som om dei hadde gjort det mange gonger før. Etter kampslutt fekk alle spandert pølse med brød og brus, og fekk omvising på den flotte stadion. Også maskotane trur eg fekk minner for livet då dei marsjerte hand i hand med spelarane på dei to laga inn på stadion, fortel Åse.

-Etter kampslutt der resultatet vart uavgjort 1-1 som også var stillinga ved pause, vart det samling av autografar, noko spelarane på dei to laga var med på. Michael Barrantes sin autograf fekk alle. Han spela sin siste kamp for AaFK søndag. Nemnast må også at rådmann i Stranda, Kjartan Lied song AaFK-hymna og det var berre flott å høyre på, seier Åse Støverstein Ringdal som veit at alle som var med på turen til kampen på Color line Stadion søndag tykte det var eit flott opplegg og ein svært vellukka tur.

Alle bilda i galleriet over er tatt av Ingebjørg Sporstøl.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380