Lokalnytt

Storfjordstemne søndag

Landbruk -og matminister Sylvi Listhaug er stemnetalar på Åseneset søndag
Landbruk -og matminister Sylvi Listhaug er stemnetalar på Åseneset søndag

Storfjordens Venner sitt sommarstemne er lagt til Åseneset søndag 7. juni. Stemnetalar er landbruk -og matminister Sylvi Listhaug.

Årets Storfjordstemne vart lagt til Åseneset, like ved husmannsplassen Kurlå der Storfjordens Venner er i gong med restaureringsarbeid. På Åseneset er meir plass, men det er kort veg til Kurlå for dei som er interesserte i å sjå staden og restaureringa som Storfjordens Venner har starta der. Kåre Løvoll som utfører arbeidet vil vere til stades og orientere.

Til Åseneset kan ein kome med båt, eller til fots frå Korsbrekke. Frå parkering ved Hellesylt stadion og til Åseneset treng ein om lag 25. minutt. Båt går i skytteltrafikk frå småbåthamna på Hellesylt frå kl. 10.30.

Det er lagt opp til eit variert program under årets Storfjordstemne. Heile programmet kan ein lese på organisasjonen si nettside, på http://www.storfjordens-venner.no/

Statsråd held stemnetale

Vi tek med at Sunnylven skulekorps blir til stades og spelar. Leiar Kjell Løseth ynskjer vel møtt til stemne, det blir helsing frå ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad og frå fylkesordførar Jon Aasen. Stemnetalar er landbruk -og matminister Sylvi Listhaug, og det blir ord for dagen ved prost Svein Runde.

Det heile startar kl. 13.00 og i løpet av dei ca. to timane stemnet varer blir det allsong, sal av jubileumsboka «Med hjarte for arven», og det blir orientering om Kurlå og Åseneset ved Odd Normann Hoff. På programmet står også sal av rjomegraut, lotteri og natursti.

Storfjordstemne blir på Åseneset. Litt til venstre ligg husmannsplassen Kurlå.
Storfjordstemne blir på Åseneset. Litt til venstre ligg husmannsplassen Kurlå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380