Storfjordvenner på tur
Søndag var det ny tur med Storfjordens Venner til nedlagte fjordgardar, til Kvennaneset, Osvika og Kastet.
40 unge og eldre hadde meldt seg på og var med på tur i strålande sommarver. Turfylje skulle sjå innom tre nedlagde gardsbruk på sørsida av Nordalsfjorden, Kvennaneset, Osvika og Kastet.
Oppmøte var på kaia ved småbåthamna i Fjørå og der i frå gjekk det med båt, fyrst til støa ved Kvennaneset. På tunet på garden fortalde eigar Kåre Tafjord om historia og hendingar knytt til drift, ein stad som i dag er velhalde både med hus og jordveg, men ikkje i drift. Like forbi garden renn ei vassrik elv som forsyner Fjørå med drikkevatn, fortalde Tafjord.
Frå Kvennaneset gjekk turen vidare til Osvika, også her velstelte hus og bøar, men berre til feriebruk. Turleiar Mette Marie Døving fortalde frå historia til garden.
Lengste etappe på turen var der i frå til Kastet, rundt ein time vanleg gange. På Kastet var det forfattar og kjend kåsør Liv Randi Bjørlykke som fortalde turfylgje om garden si historie. Her var lite gjort etter at garden vart fråflytta i 1956. I motsetning til dei to andre gardane var alle hus umåla og på tun og innmark vaks bregner og anna grøn vegitasjon godt i næringsrik skredjord. Kastet var ein gong ein stor og velhalden gard, men har no stått ubebodd i 50 – 60 år og bar preg av det.
Frå Kastet gjekk nokre av turdeltakarane ned til sjøen og tok båten tilbake til Fjørå, andre gjekk til Osvika og båt der i frå.