Største til kai torsdag
Torsdag 4. juni kjem turistbåten MSC Splendida til Hellesylt og Geiranger. Cruisekolossen på 333 meter legg til ved Hellesylt kai kl. 08.00.
Cruisetrafikken på Verdsarvfjorden er i full gang med fleire turistbåtar dagleg. Tysdag hadde Hellesylt og Geiranger besøk av fem båtar og onsdag 3. juni er tre båtar innom med opphaldstid frå tidleg morgon til kveld.
-Vi gler oss..
Torsdag 4. juni blir ein liten merkedag for cruisetrafikken på fjorden og ikkje minst for Stranda Hamnevesen sitt mannskap på Hellesylt. Der kjem til kai det aller største skipet nokon gong, MSC Splendida med lengde på 333 meter, går vel 8.0 meter djupt i sjøen og har med over 4000 passasjerar om bord. Skipet er 40 meter lenger enn det lengste som har lagt til sidan kaia vart teka i bruk 17. mai 2012.
Mannskapet på kaia er ikkje bekymra. –Vi gler oss til at MSC Splendida kjem og ynsker alle nye skip velkomne til området vårt. Om båten er ein del meter lenger enn dei største til no betyr ikkje noko, Forholda ved kaia er gode, det er ei solid bygd kai med roleg farvatn og rikeleg djupne, seier Inge Hole, driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF.
Stengd veg
Det som har skapt litt problem så langt er veret med snø i høgda og delevis stengd veg over Geirangerfjellet, seier Hole. Han fortel at tysdag denne veka var cruiseturistar gått om bord i fleire bussar på Hellesylt for å ta turen «over land», men etter kort tid kom det beskjed om at turen var avlyst grunna snø og stengd veg på Geirangerfjellet. Turistane gjekk om bord i båten igjen og tok sjøvegen til Geiranger.
Som mange andre håper også Inge Hole at sommaren skal kome snart, at det blir normale forhold etter årstida også etter turistvegane på land.