Frå venstre: Erik Torset, Bertine Lade, Inger Ringdal Sæter og Maria Langeland framførte «Leite etter lykka»
Det var godt oppmøte på avslutningskonserten til kulturskulen fredag kveld på Sunnylven samfunnshus.
– Konserten viste særs god kvalitet, bredde og variasjon seier ein meget godt nøgd kulturskulerektor Trond Otto Berg. Sunnylven skulekorps starta konserten med Sunnylvsmarsj. Deretter vart det mange innslag både med gitar, fele, piano m.m. Eit variert program som vart tatt vel imot av dei mange frammøtte.
Under ser du eit lite utdrag av dei unge artistane som tok del i programmet. Alle foto Lars Fivelstad.
Frå venstre: Mads Storstein Forbord, Kasper Ringdal og Erik Torset spela «Apache».
Kristine Hjellbakk Hole spela «Frøken vil ikke» med hjelp av Erik Torset på gitar og Loke Kjellstadli på trommer.Felegruppa med frå venstre: Synnøve Hjellbakk Hole, Kristine Hjellbakk Hole, Sigrid Imilie Førde Røyrhus , Sara Sæter, Andrea Kjellstad og Gunnar Inge Eide spela Brudemarsj, Prinsevals og Gje meg handa.Hanna Sætreås Kristoffersen spela «Om kvelden» firhendig saman med lærar Gunnar Inge EidePå piano Ådne Kjellstadli. Her saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole.Sunnylven skulekorps under leiing av Trond Otto Berg spela Sunnylvsmarsj, Mo Better Blues, You raise me up, 9I samba og avslutta med Olsenbanden som ekstranummerFrå venstre: Erik Torset, Hege Ringdal, Johanne Tryggestad, Veronica Øksvang og Ingeborg Langeland framførte «Thinking out loud»