Tapte for topplaget

Det vart stortap for Stranda/Sunnylven sitt damelag då dei møtte serieleiar Herd onsdag. Laget ligg framleis høgt på tabellen etter fleire gode kampar.
Herd – Stranda/Sunnylven 8-1 (2-1).
Her er ei kort oppsummering frå møtet mot Herd, henta frå laget si facebookside:
-Som forventa møtte vi god motstand i det som til no har vore seriens klart beste lag. Likevel held vi kampen open til det er spelt om lag 60 minutt. Derifrå og ut sett Herd seks mål og viser korleis fire-fem treninger i veka gir utslag i kamp.
Strålande målvaktspel av Lillian Aasheim hindra Herd i å få fleire mål. Christina Sve Hagen sette Stranda/Sunnylven sitt einaste mål på frispark (19. min).
No er det kampfri for damelaget til haustsesongen tek til i august, fram til då er vi nøgd med å ligge på 3. plass der berre målforskjellen skil oss frå Aksla/Fortuna på 2. plass.
Troppen på AMFI Moa Stadion:
2 Gro Mari Kjellstadli Langleite
8 Vilde Olafsen Hjelle
10 Hanne Mehl Slettebak
11 Kirsti Frøysadal Hauge
12 Lillian Synnøve Aasheim (C)
13 Christina Sve Hagen
14 Julianne Lundanes
20 Birgitte Lovise Sve Hagen
22 Stine Fivelstad
23 Kristin Ringdal
24 Hanne Vangen
5 Emilie Brekke
7 Eline Langlo
17 Andrea Lie Kirkhorn
25 Marie Vangen