
Andesleppet i Hellesyltfossen vart gjennomført første gong i 2005. Sidan har det blitt eit årvisst innslag som avslutning på Sommardagar på Hellesylt.
Det er Hellesylt Ungdomslag som er ansvarleg arrangør av «Det store andesleppet», ein attraksjon for store og små der publikum står tett på Hellesylt bro og langs elvebredda. Alle kikar etter si and mellom 1999 andre, ei reise ned Hellesyltfossen som dei gule plastfuglane brukar om lag fem minutt på å tilbakelegge frå Høgebrua til oljelensa like forbi brua i sentrum. Der har betrudde menn venta kvart år, prost, sokneprest og ein båtførar på å ta vinnarendene om bord i båten, i alt ti ender som blir premiert.
Mistanke om tjuvtrening
Nyleg var medlemer frå arrangørlaget i arbeid med å telje over og kontrollere nummer slik at alle ender frå en til to tusen er på plass under andesleppet. Leiar i HUL, Geir Frøysa garanterer at alle endene stiller, han har ikkje fått melding om at nokon har trekt seg frå konkurransen i år heller. Alle er klare seier han, men han har mistanke om at nokre har vore ute å trena no på førehand. Under oppteljing og registrering var fleire av endene våte og delevis fulle av vatn….
25.000.- i premie
Dei to tusen endene blir frakta opp på Høge bru i ei stor traktorskuffe der det er fellesstart. I fjor «reiv» dei med seg også traktorskuffa i elva, men det skjer nok ikkje i år. Den fyrste anda som kjem så nær oljelensa at den kan nåast er vinnar av førstepremien på kr 10.000,-, den andre anda er verdt kr 5.000,- , den tredje kr 3.000,-, og dei sju neste får kr 1.000,- kvar i premie. Til saman deler arrangøren ut premiar for kr 25.000,-
Startskotet
Hellesylt Ungdomslag har stand i sentrum med sal av lodd på ender både laurdag og søndag. Kvart lodd/and kostar kr 50,- og det er mogleg å kjøpe både to og fleire ender for å få auka vinnarsjansane.
Presis kl. 17.15 søndag 5. juli skyt startaren med hagla og «Det store andesleppet» i Hellesyltfossen er i gong.

