Torskedalssætra

I Torskedalen ligg sætra til gardane Langeland og Karbø med mange sætrehusa i god stand. På tur frå Karbø til Steimsnibba går råsa over stølen i Torskedalen.
Nord: 6883300
Aust: 387100
Høgde: 503 moh
LANDSKAP
Torskreddalssætra er ein middels stor støl som ligg fremst i Torskreddalen, der denne
møter Langedalen. Landskapsrommet er ”lukka” av fjellsider på alle kantar, rundt
møtet mellom Langedalen og Nibbedalen. Sætra er vend mot sørvest og Gråfjellet og
Slettehornet er viktige landemerke.
VEGETASJON
Grasartar dominerer kulturmarka, men med innslag av lyngtuer og einer. Sjølv om det
har vore rydda mykjer einer, er gjengroing ein trussel for sætra. Tett inn mot
steingjerdet som omgir stølen, veks det bjørk og gran.
BYGNINGAR OG KULTURMINNE
Fem bygningar står i dag på stølen, og alle ser ut til å vere i god stand. Her er tre nyare
hytter/sel og ei løe, samt ei lita bu som er bygga inn i terrenget. Sør og aust for sætra
ligg eit nokså intakt steingjerde, i tillegg til fleire murar etter tidlegare bygningar.
VURDERING middels
Torskreddalssætra ligg lett tilgjengeleg i eit populært turområde, med Steimsnibba
som det store trekkplasteret. Gjengroing og nye hytter øydelegg mykje av
heilskapsinntrykket av området som sæter, men her er framleis nokre strukturar og
kulturminne som er verdifulle.
MULIGHEITER lite/middels potensial
Sætra har nok først og fremst eit næringspotensiale med tanke på å lage eit tilbod til
alle turgåarane som brukar området. Sal av lokal mat, rideturar eller liknande kan
vere aktuelt.