«Unge sabotørar» i sal

Med den nye boka i hendene, Knut Frøysa til høgre og Arne Inge Tryggestad. Bak står Åge Gjørvad som har bidrege med innhald til "Unge sabotørar"

Med den nye boka i hendene, Knut Frøysa til høgre og Arne Inge Tryggestad. Bak står Åge Gjørvad som har bidrege med innhald til «Unge sabotørar»

Knut Frøysa og Arne Inge Tryggestad har samla stoff og sett på trykk daglegliv og hendingar frå fem krigsår på Hellesylt og i Sunnylven. Boka «Unge sabotørar» er no i sal.

Frå -Hat til forsoning- hadde Knut Frøysa som arbeidstittel på boka som han har skrive om krigsåra 1940 – 45 i Sunnylven, rikt illustrert med bilete i samarbeid med Arne Inge Tryggestad. Den endelege tittelen vart «Unge sabotørar» og ei bok på 125 sider og med over hundre bilete både av tyske soldatar og lokale personar.

Notat og intervju

På framsida av boka er trykt eit bilete som viser tyske sodatar fyrste dagen dei kom til Hellesylt 7. mai 1940. Det er eit av over hundre bilete som Arne Inge Tryggestad har leita fram frå sitt arkiv, eller lånt av privatpersonar i Sunnylven og Stryn. Kjeldematerial til boka er notat etter Hans Ljøen, Jon Frøysa og Sigvald Voldsæter, men også mange intervju og samtalar med fleire som Haldis Tryggestad Johansen. Den som kanskje har bidrege aller mest og fortalt om sjølvopplevde hendingar i krigsåra er Åge Gjørvad. No er det skrive ned, kome mellom to stive permar og sydd saman til ei viktig historiebok.

Vart til bok

-Dei unge veit lite om det som skjedde på Hellesylt og i Sunnylven i krigsåra, men eg trur dei er interessert i å lese om det, seier Knut Frøysa.

Knut Frøysa og Arne Inge Tryggestad fortel at frå fyrst av var planen å skrive eit hefte på storleik med Bygdeminne, men etter kvart som dei jobba med stoff vart det meir omfattande.

Frå "Unge sabotørar". Tyske soldatar på Hellesylt på oppstilling ved Grand Hotell.

Frå «Unge sabotørar». Tyske soldatar på Hellesylt på oppstilling ved Grand Hotell.

-Vegen blir til medan vi går, heiter det. Det enda med ei bok med både dramatiske og triste historier, men også morosame hendingar. Eg starta skrivinga i november i fjor og leverte det fyrste av manuskriptet til jul. Arbeidstittelen var -Frå hat til forsoning-, ein god arbeidstittel tykte eg. Dei fleste soldatane var utkommandert av ein gal diktator,- seier Frøysa.

Eit halvt år

Illustrasjonsbiletet fyrst i boka er av fem unge gutar alle med etternamnet Tryggestad. Kanskje var det slike «karar» som gav boka den endelege tittelen. På siste side er avbilda ein hestesko brukt av ein av dei digre tyske bryggerihestane. Hesteskoen vart funne på Tronstad i 1940 der hesten hadde mista den på turen mellom Stryn og Hellesylt.

Forfattar Knut Frøysa og ide og fotoredaktør Arne Inge Tryggestad fortel at det tok om lag eit halvt år å skrive og redigere boka der Stranda sogelag står som utgjevar og som er trykt i eit opplag på 400. Salet er godt i gang alt, men under Hellesyltdagane 3. til 5. juli blir det bokstand med sal i lokala til gamle bokhandelen på Hellesylt, får vi opplyst.

Unge sabotørar 2

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380