Lokalnytt

Uredd og pågangsrik Ljøar

Ole Hjalmar Bonsaksen med gjætarhunden sin.
Ole Hjalmar Bonsaksen med gjætarhunden sin.

Guida fisketurar, oppvisning med gjætarhundar og båtturar til fjellgardar i Storfjorden og Geirangerfjorden er noko av det Ole Hjalmar Bonsaksen vil tilby frå neste sommar av.

Ole Hjalmar Bonsaksen satsar på å skape seg ei nisje, lage eit tilbod av opplevingar i naturen og på fjorden. Ein uredd, men herleg satsande kar utan å gruble så hardt på kostnaden. For mange ville nok eit kjøp av ein rib båt til ein million kroner vere ei alt for stor og resikofull investering, men ikkje for Ole Hjalmar frå Bonsaksen gard på Ljøen.

I mai neste år kjem båten, ein 34 fot lang, hurtiggåande båt med 600 viltre hestar i motoren som sparkar farta opp i 54 knop eller 100 km. i timen. Dei tolv passasjerane som båten har plass til får seg nok både frisk og fresande transport med ei slik doning. Det skal bli tilbod om turar etter fjorden for besøk til fjellgardar kvar dei måtte ligge, seier båteigaren.

Under fortøyning av cruiseskip ved Hellesylt kai svirrar Ole Hjalmar og hjelpesmann rundt i ein lettbåt for få i land trosser til fortøying av skipa så han er ikkje ukjend med båtlivet.

Men interessene er fleire, han eig ein av fleire gjætarhundar som har tilhald i garden på Ljøen. Å kunne vise dei i arbeid for litt større grupper med gjæting av sau er eitt av tilboda han planlegg.

Også med gitar og song har Ole Hjalmar imponert. No blir det bygt utescene på Ljøen med utsyn mot innløpet til Geirangerfjorden, fortel han. Ein av dei aller fyrste som skal på utescena på Ljøen er Ørsta sin store trubadur Egil Olsen. Det skjer på avslutningsdagen for Hellesyltdagane.

På heimesida www.bonseye.org som Karoline Aaland har hjelpt med utforming av ligg mykje meir om alt som den unge og pågangsfulle Ljøaren planlegg å drive med.

Ole hj 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380