Vasslekkasje seinkar tunneldrift

Det er 6-700 meter igjen før det er gjennomslag i Ljøtunnelen, viser geolog Svein Parr på planteikninga.
Det er 6-700 meter igjen før det er gjennomslag i Ljøtunnelen, viser geolog Svein Parr på planteikninga.

Vel 3000 meter av den nye tunnelen på fylkesveg 60 gjennom Ljøfjellet er no sprengt ut. Ein del vatnlekkasje har senka arbeidet den siste tida.

Arbeidet med den nye tunnelen frå Ljøen til Herdal er stort sett i rute. Frå Herdalsida har ein no kryssa under den gamle tunnelen på fylkesveg 60 og det står igjen mellom 600 og 700 meter av total lengde på 3675 meter.

Geolog Svein Parr fortel at dei har støtt på ein del vatnlekkasje som må tettast og som seinkar framdrifta litt. Sist veke vart det sprengt ut vel 90 meter samla frå begge sider.

Røyrtunnelen

Steinmassane blir køyrde på laget i Kjellstadli og skal nyttast som såle i nye veganlegg, eller det blir køyrd på lager ved Røyr. Det trengst mykje masse for å bygge opp vegbana i den nye tunnelen, og mykje går til fyllmasse rundt røyrtunnelen som blir støypt på Røyr.

Svein Parr fortel at betongtunnelen er ferdig støypt i nord, det same er fundamentet også i sørenden, men det står igjen å støype rundt ein tredjedel av tunnelen som blir 440 meter lang.

Siste byggesteg

Ny Ljøtunnel og betongtunnel på Røyr er siste del av rassikringsarbeidet på fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr.

Det starta med ny Streketunnel i 2009, seinare kom lengting av Streketunnelen og nytt utsiktspunkt på Ljøen, før fullføring av tredje og siste byggesteg med ny Ljøtunnel og betongtunnel på Røyr. Det siste byggesteget er venta ferdig og opna hausten/vinteren 2016 / 2017. Heile rassikringsarbeidet på fylkesveg 60 er kalkulert til å koste 1.12 milliardar kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380