Lokalnytt

Verneverdig bygg i Bygdetunet forfell

Sylvstokken råtnar og muren sig ut på det gamle våningshuset i Bygdetunet.
Sylvstokken råtnar og muren sig ut på det gamle våningshuset i Bygdetunet.

Hellesylt Bygdetun fekk avslag på støtte frå kulturminnefondet. Styret i stiftinga kjem til å be kommunen førebu ei sak om eigarskifte.

Stranda kommune står som eigar av Hellesylt Bygdetun i Lillegjerdet. For ei veke tilbake var formannskap og økonomisjef på synfaring i Bygdetunet for å få orientering og sjå ting som treng utbetring. Av det som hastar mest er reparasjon av råteskader og utsiging av grunnmur på det gamle stovehuset, men stiftinga manglar pengar til å få utført arbeidet. Ein søknad til kulturminnefondet fekk avslag med grunngjeving i at fondet ikkje støttar kommunalt eigde foretak.

Bygg med høg vernestatus

Styreleiar Harald Sørheim seier at Bygdetunet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Spesielt hastar det med å utbetre råteskadane på den gamle stova og grunnmuren som sig ut. Det burde vege tungt at huset er ei bygning som også fylkeskommunen har uttala har høg verneverdig status, seier Sørheim.

Hellesylt Bygdetun skulle få gode inntekter frå fallrettar i samband med kraftproduksjon frå Ringdal Kraftverk. Desse inntektene vart redusert med kring 50.000.- kroner i fjor grunna liten vasstilgang og produksjon, lave kraftprisar og høg eigedomskatt på kraftverket.

Indirekte eigedomsskatt

Stiftinga Hellesylt Bygdetun er ikkje pålagd eigedomskatt, det er det Ringdal Kraftverk som betalar. Faktisk betalte dei halvparten av overskotet i eigedomskatt i fjor, men indirekte betaler også Bygdetunet eigedomskatt då fallrettsleia vår vart kraftig redusert, seier Harald Sørheim.

Til styremøte i Hellesylt Bygdetun vil styreleiaren innstille på eit vedtak for å «løyse saka frå land». Han vil foreslå for styret at kommunen førebur eit eigarskifte. Kven som bør overta eigarskapet blir opp til kommunen å foreslå, men Sørheim har gjort seg sine tankar og myldra litt. Han kunne tenkje seg ein organisasjon eller foreining i Sunnylven, kanskje Venneforeininga i Bygdetunet, kanskje Bygdekvinnelaget og Bondelaget i fellesskap.

Hellesylt Bygdetun i Lillegjerdet.

Hellesylt Bygdetun i Lillegjerdet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380