LokalnyttSætrestølar

Vindholen

Vindsholen 1

I dag tek Audun Brekke Fjeldheim oss med til Hellebostadsætra. På turkart for Stranda kommune heiter sætrestølen Vindholen og ligg om lag midtvegs mellom Hellebostad og Sunnylven IL sin trimpost på 869 meter høge Åsenakken.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

VINDHOLEN

Nord: 6885050

Aust: 391850

Høgde: 610 moh

LANDSKAP

Sætra er sørvend og ligg på ein liten, sørgåande rygg som kjem ned frå nordsida av

dalsida. Dalen oppover mot Frøysa utgjer landskapsrommet, som er stort, men nokså

lukka. Vindholen ligg veldig godt synleg i dette rommet.

VEGETASJON

Kulturmarka er framleis opa og dominert av grasmark og lyngtuer, men gjengroing

med ugrasartar som tistlar og brennesler er godt i gang og truar stølsmiljøet.

Vindsholen 3

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

På sætra ligg to sel som er nylig oppussa og i god stand. Her finst også murar etter fire

andre, større bygningar – truleg fjøs og løer. Utover dette er her få eller ingen

tydelege kulturminne.

VURDERING middels verdi

Sætra er noko vanskeleg tilgjengeleg, men ligg i eit nokså populært turområde, med

Åsenakken som hovudtrekkplaster. Sjølv om sela er godt ivaretatt, er resten av sætra

prega av forfall, og då spesielt vegetasjonen. Skjøtsel av kulturmarka vil vere viktig for

å få området til å stå fram som eit sætermiljø. Ved eventuell utbygging, må ein vere

spesielt varsam på innsynet sætra har frå dalen.

Vindsholen 2

MULIGHEITER middels potensial

Området ligg fint til, og kan vere eit spanande utviklingsområde, på grunn av

nærleiken til Åsenakken og turområda i fjella mot Geirangerfjorden. Turar frå sæter

til sæter langs Geirangerfjorden kan til dømes bli ein populær aktivitet, der

Vindholen kan spele ei sentral rolle.

Vidholen 4

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380