190.000 frå Sparebanken Møre

Under avslutninga på Hellesyltdagane kom banksjef Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre på utescena. Han hadde pengegåver til fleire.
Heile bygda har stått på og skapt ein ny flott sommarfest på Hellesylt. Difor er det kjekt for Sparebanken Møre å gje dugnadsfolket ei påskjønning for eit arrangementet som har ført til at mange kjem til bygda noko som også er flott. Det er mange vi skulle ha takka ein slik dag. Då er det å gje ei pengegåva beste måte for banken å takke dei mange.
Tryggestad fortalde også at Sparebanken Møre er 170 år i 2015, og avdelinga på Hellesylt kan feire 150 år. Den er med andre ord den eldste bedrifta på Hellesylt i dag.
Banksjefen inviterte så leiarar eller representantar for fleire på scena for å ta mot bevis på rause pengegåver frå Sparebanken Møre. Tidlegare i år hadde Sunnylven samfunnshus fått 90.000.- kroner til oppussing av kjøkken. Den jobben var no ferdig. No hadde Tryggestad pengegåver til fem andre.
Stranda sogelag fekk 25.000.-, arrangementet Hellesyltdagane 25.000.-, Hellesylt Ungdomslag, stupetårnet «stup i det», 40.000.-, Gamleskulen aktivitetsmuseum 40.000.-, og Sunnylven Idrottslag, parkering og området kring 60.000.- kroner.