Andeløp i rekordfart

 

Heile andefamilien fekk som vanleg traktorskyss til Høgebrua.
Heile andefamilien fekk som vanleg traktorskyss til Høgebrua.

Andesleppet var kjempestort, men det var også Hellesyltfossen. Det gjekk rett ut Sunnylvsfjorden med dei aller fleste i andesleppet søndag.

Rekordmange prøvde vinnarlukka i andresleppet un der Hellesyltdagane også i år. Denne gongen var det ellevte sleppet, og i ein Hellesyltfoss større enn nokon gong tidlegare.

Då haglskotet small på Høgebrua stupe to tusen gule plastender i vassmassane. Dei kom fort mot båten der prost, prest og ein båtførar skulle ta mot dei ti vinnarendene. Alle kom nærmast samla og så fort at dei aller fleste smatt under oljelensa. Men før det vart ti vinnarar plukka opp, fanga av truverdige.

Programleiar Arild Ringdal bemerka før offentleggjering av vinnarane at prost Svein Runde og sokneprest Stein Karstensen hadde hatt ei and-akt-stund og leita fram vinnarnamna. Neste år kjem også biskopen for å vere med å plukke opp vinnarendene. –Då trengst ikkje båt, då går dei på vatnet-, fleipa Ringdal.

Det vart delt ut totalt 25.000.- kroner i premie også i år. Med ekstrapremien under jubileumssleppet i fjor har arrangør Hellesylt Ungdomslag betalt ut 280.000.- kroner i premie sidan det fyrste andesleppet i Hellesyltfossen i 2005.

Vinnarar i år: 1000.- kroner: Svanaug Isehaug, Stine Hole, Sol Airin Røyrhus Espe, Ida Kristin Dyrkorn, Elias Helset, Markus Fivelstad, Ida Øen Hjellbakk. 3000.- kroner: Tonje Støverstein. 5.000.- kroner: Tove Taraldset Fivelstad. 10.000.- kroner: Aleksander og Markus Storstein Madsen.

Då Hellesyltfossen var kjempestor grunna snøsmelting kom heile andeflokken samla mot målområdet ved oljelensa. Der stakk mange av.
Då Hellesyltfossen var kjempestor grunna snøsmelting kom heile andeflokken samla mot målområdet ved oljelensa. Der stakk mange av.
Prost Svein Runde til venstre delte ut 3. premie til Tonje Støverstein, 2. premie henta Rolf Fivelstad og mormor Inghild Storstein tok vare på toppgevinsten for Aleksander og Markus frå Lillehammer
Prost Svein Runde til venstre delte ut 3. premie til Tonje Støverstein, 2. premie henta Rolf Fivelstad og mormor Inghild Storstein tok vare på toppgevinsten for Aleksander og Markus frå Lillehammer

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380