Besøksrekord
Det var ikkje berre arrangementet Hellesyltdagane som noterte seg rekordar i helga. Nettstaden hellesylt.info hadde store lesartal kvar dag.
Søndag kveld stoppa besøkstalet på 3.889 klikk på hellesylt.info. Dagen før vart det registrert 3.126 klikk, og fredag kveld 2946 besøk. Den tidlegare bestenoteringa var frå 7. juni og Storfjordstemne med 3012 lesarbesøk.
Gode saker som interesserte var opninga av Boutique & Bar, Hellesyltløpet, Andesleppet, Lars Bremnes-konsert, Frivilligheitsprisen, konsert på Ljøen og mange fleire opplevingar i samband med Hellesyltdagane.
Vi i nettstaden hellesylt.info er svært nøgde med at informasjonskanalen blir brukt og sett pris på. Det inspirerer til enno meir aktiv innsats og til å presentere enno fleire gode nettsaker frå Hellesylt og Sunnylven.